SecurityWorldMarket

14.06.2006

Videoalarm kan berge liv

Som første badeanlegg i landet har Tropicana installert eit videoovervakingssystem under vatn. - Dette er aktiv tryggleik som kan berge liv, seier direktør Arve Rustberggard. To undervasskamera overvakar den djupe delen av bassenget i Tropicana. Dersom ein person, stor eller liten, ligg stille meir enn 10 sekund, vil det gå ein alarm i billettluka og i baren i badeanlegget.

Videodeteksjonsanlegget av typen Detec er eit nyutvikla norsk system, og kjem i tillegg til fleire andre videokamera som frå før overvakar deler av Tropicana.
Arve Rustberggard vil ikkje snakke så mykje om prisen. Det dreiar seg langt frå om millionbeløp.
- Målt opp mot eit liv er det uansett ei svært rimeleg investering, og me er litt stolte over å vere først ute med dette, seier han.

Kilde: Hallingdølens papir- og nettutgave.


Web TV

Se flere filmer og klipp her »
Leverandører
Tilbake til toppen