SecurityWorldMarket

08.07.2011

Halden Storsenter får gebyr på 50 000 kr

Datatilsynet har gitt Halden Storsenter et lovbruddsgebyr på 50 000 kroner for alvorlige brudd på personopplysningsloven i sammenheng med kameraovervåking.
Datatilsynet var i februar på kontroll hos Halden Storsenter. Bakgrunnen for kontrollen var ei klage tilsynet hadde motteke frå ein kunde på senteret. Kunden hadde blitt oppsøkt av ein vektar ved senteret og vist eit opptak av noko som visstnok var eit tjuveri, og det blei ymta om at vedkomande var gjerningspersonen. Dette viste seg seinare ikkje å stemme, men kunden oppfatta dette som så oppskakande at det blei sendt ei klage til Datatilsynet som valde å dra på ein umeldt kontroll.

Alvorleg brot på slettereglane
Kameraopptak skal slettast seinast innan sju dagar, og då slik at opptaka ikkje kan finnast igjen. Dersom det er moglegheit for at opptaka skal utleverast til politiet kan opptaka oppbevarast inntil 30 dagar. Hos Halden Storsenter viste det seg at opptaka ikkje var fullstendig sletta, men lett kunne gjenopprettast frå papirkorga på datamaskina kor dei blei lagra. Datatilsynet fann opptak heilt tilbake til 2006 under kontrollen.

Den digitale lagringa gjorde det mogeleg å finne igjen opplysningar om bestemte personar, og det viste seg at verksemda hadde lagra kameraopptak av det som etter deira meining kunne vere tjuveri, nasking og helserelaterte hendingar. Det var også lagra stillbilete av mistenkte og vitne i ei bestemt sak frå lang tid tilbake. Opplysningane som var lagra indikerte straffbare forhold, men utan at saka blei prøvd for retten. Dette er sensitiv informasjon som har eit spesielt behov for å bli behandla riktig. Det er ei grov krenking av personvernet til personane på opptaka at dette ikkje har blitt sletta.

Datatilsynet har ilagt senteret eit gebyr på 50 000 kroner ut i fra ei totalvurdering der blant anna økonomisk evne er teke med. Gebyret sin storleik seier derfor i seg sjølv ikkje noko om kor alvorleg brotet er.

Fleire liknande saker
Det har dei siste åra vore ein sterk auke i omfanget av kameraovervaking. Som følgje av at overvakingsteknologien er blitt rimelegare og lett tilgjengeleg, tek stadig nye grupper kameraovervaking i bruk. Tidlegare tilsyn hos ulike verksemder viser blant anna at denne overvakinga blir brukt til andre formål enn det som var utgangspunktet, og at det blir nytta kameraovervaking der andre og mindre personverninngripande tiltak kunne ha vore brukt.

Datatilsynet har sidan starten av 2010 hatt høve til å gi lovbrotsgebyr og tvangsmulkt overfor verksemder som anten har brote personopplysningslova eller som ikkje har følgt pålegg som er gitt. Ein type saker der det er vedteke å gi lovbrotsgebyr gjeld publisering av opptak frå kameraovervaking, opptak av personar som tilsynelatande stel. Det kan vere mange grunnar til at verksemdene tyr til slik publisering, men Datatilsynet er klare på at dette er ein gapestokkmentalitet som ikkje er ønskjeleg. Det var i 2010 to saker i denne kategorien kor verksemdene blei gitt respektive 5 000 og 10 000 kroner i lovbrotsgebyr.


Kilde: Datatilsynet


Leverandører
Tilbake til toppen